Fleire med hol i CV-en kjem seg i arbeid
Fleire med tilrettelegging frå arbeid- og inkluderingsbedrifter kjem seg ut att i arbeidslivet. Paradoksalt nok kan forklaringa vere koronakrisa, melder NRK.
Fleire med tilrettelegging frå arbeid- og inkluderingsbedrifter kjem seg ut att i arbeidslivet. Paradoksalt nok kan forklaringa vere koronakrisa, melder NRK.
Vårt medlem Sogneprodukt ligg i landstoppen når det kjem til å matche arbeidssøkjarar med lokale bedrifter, skriver NRK på web.
I mai fekk 48 prosent jobb, mot 45 prosent i fjor. Andelen som fekk jobb i april og mars var òg større i år enn i fjor. Aller best resultat hadde Sogneprodukt som fekk heile 80 prosent til jobb eller utdanning i mars.
– Eg trur nøkkelen til dei gode resultata er eit godt samarbeid med NAV-kontora, som er oppdragsgivarane våre. Me har dessutan mykje og brei kompetanse internt og eit langt samarbeid med næringslivet, fortel jobbkonsulent Iren Anita Sæbø i Sogneprodukt.
– Det er viktig at ein har tette band til det lokale næringslivet og følgjer opp både arbeidsgivar og arbeidstakar i ein periode etter tilsetjing, seier Kenneth Stien, direktør i bransjeforeininga Arbeid og inkludering i NHO Service og Handel.
Gi oss gjerne en kommentar i tillegg - hvordan kan vi forbedre oss?