To frisørar er kåra til Årets nynorskbrukarar 2019

Publisert

Irene Stana og Trude Lundevall

Frisørane Irene Stana og Trude Lundevall. (Foto: Jarl Martin Garder, Kristian Dale).

Dei to frisørkjedene Floke og Balanzera er kåra til Årets nynorskbrukarar 2019, melder Ivar Aasen-tunet. De er begge medlem av NHO Service og Handel.

Bedriftene får prisen «for å nytte nynorsk i marknadsføring av frisørtenester i by og bygd på aust- og vestlandet,» seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si etter å ha vurdert 68 kandidatar.

– Gründerane Irene Stana i Floke og Trude Lundevall i Balanzera nyttar nynorsk som ein medviten del av identiteten i bedriftene sine. Dei gjer nynorsk synlegare i både bygder og byar, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm i en pressemelding.

Kvar av prisvinnarane får 50.000 kr kvar og eit grafisk blad av Arne Nøst som blir delt ut opningsdagen for Dei nynorske festspela i Ørsta 13. juni.

– Eg har vore oppteken av det nynorske språket sidan eg byrja å lese som sjuåring. Nynorsk er ein viktig del av identiteten min og dermed også identiteten til Floke. Det er ei stor ære å bli heidra med prisen som Årets nynorskbrukar, for meg personleg og alle mine medarbeidarar i Floke, seier administrerande direktør Irene Stana i Floke. Pengepremien vil ho nytte til utvikling av nye tekstar til den nye grøne produktserien LYNG, som blir lansert i år. Der vil det nynorske språket vere ein stor del av identiteten til serien.

Årets nynorskbrukar 2000–2019
  • 2000 Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård
  • 2001 Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge
  • 2002 Ringstabekk skole
  • 2003 Redaktør Martin Toft'
  • 2004 Musikkgruppa Side Brok
  • 2005 Forfattar Kjartan Fløgstad
  • 2006 Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa
  • 2007 Forlagsredaktør Guri Vesaas
  • 2008 ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin
  • 2009 Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal
  • 2010 Forfattar Maria Parr
  • 2011 Bloggar Linda Sæbø'
  • 2012 Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise
  • 2013 Professor i filosofi Gunnar Skirbekk
  • 2014 Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga
  • 2015 Kunsthistorikar og journalist Jorunn Veiteberg
  • 2016 Facebook-omsetjar Martine Rørstad Sand
  • 2017 Generalløytnant Morten Haga Lunde, sjef Etterretningstenesta
  • 2018 Generalsekretær John-Ragnar Aarset, Høgre
  • 2019 Frisørgrunderane Floke og Balanzera

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?

Fortell oss hva du leter etter og gi oss dine innspill! Hvis du oppgir e-post, kan vi kontakte deg ved behov. Vi kan dessverre ikke besvare alle henvendelser, men din tilbakemelding hjelper oss å gjøre nettstedet bedre.

Takk for tilbakemeldingen!

Takk for tilbakemeldingen!