Sjanser de ellers ikke ville fått

Publisert

#205

Tor Starheim er leder av Jobzone Førde. (Foto: Privat).

– Eg har i mine elleve år i bemanningsbransjen hatt gleda av å hjelpe mange folk med sjansar dei truleg elles ikkje ville fått, skriv dagleg leiar Tor Starheim, Jobzone Førde i avisa Firda i dag.

Eg har i alle år respektert det Fagforbundet i Sogn og Fjordane står for, men i Firda 7. mai presenterer dei eit lesarinnlegg om norsk bemanningsbransje som dessverre står fram som vranglære. Eg skal kommentere nokre av desse påstandane, men først litt om mytar og fakta frå oss som er medlemmer av NHO Service og Handel, skriver Tor Starheim og han fortsetter:

MYTE 1: «Bemanningsbransjen er ikkje samfunnsnyttig»

FAKTA: Kvart år er det over 80.000 som får ein fot innanfor arbeidslivet gjennom bemanningsbransjen. Nokre jobbar i lengre oppdrag, og andre i korte. Medlemmer av NHO Service og Handel har statistisk belegg for at 40 prosent av vikarane i bemanningsbransjen kjem frå arbeidsløyse. 19 prosent kjem frå skulebenken. Fleirtalet brukar bransjen som ein inngangsport til arbeidslivet. Gjennomsnittleg tid i bemanningsbransjen er fire månader. Grunnen til at fleirtalet sluttar å jobbe som vikar etter kort tid er ny jobb. Ofte ein fast jobb der dei har vore innleigd like før, fordi også våre utleigde har fortrinnsrett til fast tilsetting hjå innleigar. Bemanningsbransjen er såleis med på å avgrense arbeidsløysa og gir folk som har særlege utfordringar ein lettare veg inn i arbeidslivet – eller tilbake til arbeidslivet.

Se hele innlegget her

Mann

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?

Fortell oss hva du leter etter og gi oss dine innspill! Hvis du oppgir e-post, kan vi kontakte deg ved behov. Vi kan dessverre ikke besvare alle henvendelser, men din tilbakemelding hjelper oss å gjøre nettstedet bedre.

Takk for tilbakemeldingen!

Takk for tilbakemeldingen!