Færre sier de kjøper svart arbeid

Publisert

Færre betaler svart.

På få år har aksepten for å kjøpe svart arbeid og tjenester falt kraftig. Kun 6 prosent oppgir at de har kjøpt tjenester svart i år.

Aldri tidligere har så få oppgitt at de kjøper tjenester svart, viser en spørreundersøkelse utført for Skatteetaten. Undersøkelsen gjennomføres annethvert år, og i 2020 var andelen 8 prosent, mens så sent som i 2009 var andelen hele 23 prosent.
– Det er svært positivt at trenden fortsetter nedover. Vi vet at det er høy skattemoral i Norge og at de fleste ønsker å bidra til finansieringen av velferdssamfunnet vårt, sier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatteetaten i en pressemelding.

Det er barnepass, hjemmehjelp, renhold, samt maler- og snekkertjenester som topper listen over tjenester som handles svart, ifølge Skatteetaten.

Du kan bli halden ansvarleg 

SMSØ har i tillegg til undersøkinga over, fått utført ei kvalitativ undersøking gjennom intervju av 20 personar som har kjøpt tenester svart. Sjølv om det berre er ein liten del av folket som seier at dei har kjøpt svart, meiner dette utvalet at «alle gjer det». 

Ein gjennomgåande haldning blant dei som kjøper svart er at dei meiner det ikkje er deira ansvar å sjekke om tenestene dei kjøper er innanfor regelverket. Gjengedal meiner mange ikkje er klar over risikoen dei tek når dei kjøper arbeid eller tenester svart.  

– Du kan bli medansvarleg for ubetalte skattar og avgifter dersom dei useriøse bedriftene du kjøper tenester av, ikkje betalar det dei skal. I verste fall risikerer du politimelding. I tillegg er du med på å drive konkurransevriding som går utover dei seriøse og lovlydige verksemdene, forklarer Gjengedal.   

Les også: Kundar straffa for kjøp av svarte tenester

– Undersøk regelverket 

Det er barnepass/heimehjelp, reinhald, malar- og snikkartenester som toppar lista over kva som handlast svart. I tillegg meiner 10 prosent av respondentane at det er ganske eller svært sannsynleg at dei vil få tilbod om svart arbeid i løpet av det neste året.  

– Svart arbeid eksisterer fordi nokon vel å bruke det, men du som forbrukar kan sjølv ta grep for å unngå det ved å sjekke regelverket og sjekke om du handlar av ei seriøs bedrift. På handlehvitt.no kan du sette deg inn i korleis du skal gå fram for mellom anna å engasjere handverkarar, gjere innkjøp av tenester i heimen, kjøpe verkstadtenester og bilpleie, seier Gjengedal. 

Samarbeid mot svart økonomi (SMSØ)

SMSØ er ein allianse som jobbar saman og førebyggjande i kampen mot svart økonomi.  

Alliansen består av Skatteetaten, NHO, NHO Service og Handel, Byggenæringens landsforening, LO, Fellesforbundet, KS, YS, Unio og Virke, som alle er sentrale partar i arbeids- og næringslivet. 

Samarbeidspartnarane jobbar for å redusere svart økonomi, og gjennom dette bidreg dei til like konkurransevilkår, sikre gode arbeidsforhold og finansiering av velferdsstaten. 

Du kan også sjekke Tettpå-rettleiaren som skal hjelpe deg å velgje handverkarar til å byggje eller pusse opp trygt, seriøst og lønsamt. I rettleiaren finn du mellom anna tips, sjekkliste og fordelar med å velgje seriøs arbeidskraft og ta informerte val. Rettleiaren er her.

Handlehvitt og Tettpå er blant tiltaka i Regjeringa si handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet 

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?

Gi oss gjerne en kommentar i tillegg - hvordan kan vi forbedre oss?

Takk for kommentaren!

Kommentar sendt